Siger også i lagmannsretten for Stendi og Norlandia

Borgarting lagmannsrett forkasta nyleg Oslo kommune si anke over tingrettsdomen der klientane våre Stendi AS og Norlandia Care Norge AS fekk medhald i at utestenginga av ikkje-ideelle leverandørar frå tidenes største norske offentlege anskaffing av sjukeheimstenester, var i strid med EØS-retten. Anskaffinga hadde ein estimert verdi på over 10 milliardar kroner og var reserverte for ideelle organisasjonar. 

Spørsmålet om ein kan reservere offentlege helse- og sosialtenesteanskaffingar har vore EØS-rettsleg omstridt i årevis.  

Klientane våre, som ynskjer å konkurrere på like vilkår i opne konkurransar, gjekk til søksmål for å få rettsavklaring. Oslo tingrett innhenta svar frå EFTA-domstolen på fleire tolkingsspørsmål. EFTA-domstolen stadfesta at slike kontraktsleveransar av velferdstenester fell innanfor anskaffingsdirektivet fordi dei utgjer økonomiske tenester i fri rørsle-reglane sin forstand, noko lagmannsretten slutta seg til. Likeins avklara EFTA-domstolen at heller ikkje EØS-avtalen sitt særskilte unntak for offentleg myndeutøving kan tene som unntaksgrunnlag. EFTA-domstolen konkluderte også med at utestenginga av ikkje-ideelle i utgangspunktet er i strid med likehandsamingskravet nedfelt i anskaffingsdirektivet sitt kapittel for helse- og sosialtenesteanskaffingar. Reelt sett stod dermed norske domstolar igjen med å vurdere om avviket frå likehandsamingsprinsippet oppfylte rettferdiggjeringsvilkåra oppstilt av EU- og EFTA-domstolen.

Både tingretten og lagmannsretten konkluderte med at utestenginga av ikkje-ideelle utgjer eit ikkje-rettferdiggjort avvik frå likehandsamingsprinsippet. Mellom anna legg lagmannsrettsfleirtalet avgjerande vekt på at reservasjonen ikkje medverka til auka oppnåing av relevante sosiale og kvalitative målsetnadar, samanlikna med det ein uansett kan oppnå gjennom opne anskaffingar. Klientane våre fekk også tilkjent over MNOK 12 i sakskostnadar.

Framover vert det spanande å observere kva praktiske verknadar lagmannsrettsdomen vil få for offentlege oppdragsgjevarar sin innkjøpspolitikk.

Stendi AS og Norlandia Care Norge AS har gjennom heile rettsprosessen vore representert av SANDS ved Lennart Garnes og Aksel Hageler (sistnemnde er no i DLA Piper).